Søknad om stønad til friviljuge lag og organisasjonar

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene i Tysnes vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Kraftlaget deler difor kvart år ut betydelegemidlar til frivillige lag og organisasjonar.

I 2016 gav kraftlaget totalt kr. 850 000 til gode føremål i lokalsamfunnet. Årsmøtet delte ut kr. 500 000, medan det var gitt kr. 350 000 til mindre prosjekt og via sponsoravtalar.
Sponsoravtalane er knytt oppmot Tysnes IL, Njardar/Tysnes, Tysnes skulekorps, Anna Dorthea Espevik og Tysnesfest.

I tillegg til faste sponsoravtalar, vil Tysnes Kraftlagdela ut kr. 150.000 etter søknad .
Her vert gode tiltak og prosjekt innan frivillig arbeid på Tysnes prioritert.

Målgruppa vår er:
•    Barn, ungdom og arbeid for desse
•    Mottakarar som bidreg til vekst og godt miljø

Søknadsfristen er 10.03.2017.

For å få dei opplysningane me treng må søknadsskjemaet vårt nyttast.
Søknadsskjema finn du her. (Det er diverre ikkje mogeleg å fylle ut skjemaet elektronisk)

Skjemaet kan sendas til firmapost@tysneskraft.no,
eller til Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES

Du kan lesa meir om retningsliner for sponsing og gåver frå Tysnes Kraftlag her.

Grendahus.jpg