Til våre straumkundar på Tysnes!

BKK tek over heile verksemda til Tysnes Kraftlag i juli 2018. Vi vil gjera vårt beste for at du skal oppleva overgangen så enkel og god som mogleg.

I første omgang vil kundeforholdet ditt flyttast over til det nyoppretta straumsalsselskapet BKK Tysneskraft AS, organisasjons nr.: 920766994.

Kva må du gjera?

Kundeforholdet ditt i Tysnes Kraftlag vert automatisk overført til BKK Tysneskraft, og din straumavtale vert ikkje påverka av at du vert straumkunde i BKK Tysneskraft. Du treng derfor ikkje gjera noko som fylgje av at du får ny straumleverandør. Kontonummer for innbetaling vert det same som før.

Faktura

Nettleige og straumforbruk for juni månad blir fakturert av Tysnes Kraftlag, og faktura vert sendt ut omkring 6. juli. Din neste faktura kjem frå BKK. På grunn av overføringa av kundeforholdet ditt til BKK, blir neste faktura sendt ut i midten av september. Denne fakturaen vil då utgjera den nye nettleiga og straumforbruket ditt for juli og august månad. Deretter mottek du faktura kvar månad.

Avtalegiro

AvtaleGiro i din nettbank blir oppdatert automatisk.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål kan du framleis kontakta Tysnes Kraftlag som før på tlf. 53 43 00 51. BKK Tysneskraft AS kan nåast på same telefonnummer.


Venleg helsing

Lars Enes,  everksjef/dagleg leiar
Arne Andreas Riisnes, prosjektleiar

Tysnes Kraftlag AS BKK AS