Tysneskraft

Tysneskraft er ein avtale der Tysnes Kraftlag kjøper inn kraft til kraftkundane våre frå kraftbørsen, og tek påslag for risiko og handtering. Prisen for kraft til deg som kunde vert rekna ut etter innkjøpspris og kjem fram etter at månaden er slutt. Etter kvar månad vil vi informere om prisen her på nettstaden vår.

 

Det er ei gjensidig oppseiingstid på 2 veker på dette produktet.

Tysnes Kraftlag har leveringsplikt av kraft til dei av våre nettkundar som ikkje har kraftleverandør (f.eks. ved overtaking av anlegg før ein har vald kraftleverandør). Pris på leveringsplikt er områdepris på Nord Pool Spot pluss påslag på 6,25 øre per kWh (inkl. mva). Etter 6 veker aukar påslaget til 12,5 øre per kWh (inkl. mva.). Les meir om leveringsplikt på sidene for Nett.