Verksemda

Tysnes Kraftlag SA (TK) vart stifta 1946 som eit selskap med skiftande kapital og avgrensa ansvar.

I årsmøte 18. januar 2010 vedtok parteigarmøtet å tilslutte seg samvirkelova, og gav samstundes høve til å løyse inn gamle partar. Om lag 2500 personar eller verksemder har per i dag høve til å vera medlem i selskapet.

Selskapet sitt hovudvirkefelt er drift, vedlikehald og nybygging av linjenettet i Tysnes kommune, samt kraftlevering til sluttbrukar. TK leverer og breibandstilknyting til kundar via fibernett. Dette nettet vert leigd ut til Tysnes Breiband AS og andre som ynskjer å leige fibernett.

TK sitt konsesjonsområde er avgrensa av kommunegrensene til Tysnes kommune.

TK sine nettkundar er samansett av hushaldskundar/fritidskundar, småindustri, næringsliv og offentleg forvalting. Nettområdet er spesielt i høve resten av Noreg sidan det er lite industri og mange fritidskundar. Dette fører til liten omsetning av energi per km linjenett.

TK arbeider kontinuerleg og målretta med betring av selskapet og legg særleg vekt på tilhøvet til kundar, medarbeidarar og nabokraftlag, samt helse, miljø og tryggleik.

TK eig 67,03% av aksjekapitalen i Tysnes Breiband AS som leverer innhaldstenester innan breiband over radio og fiber.