No kjem etterbetalinga

Etterbetaling òg på kraft

Etterbetalinga er rekna ut ifrå kor mykje straum du har brukt til og med 1. desember 2012. For kundar som har avrekning annankvar månad eller halvårsvis vil etterbetalinga koma på faktura i januar.

Etterbetaling vert betalt ut til alle kraftkundar som er medlem per 1. desember 2012. Etterbetalinga vil variera utifrå kor mykje straum ein har brukt i løpet av året. Har du blitt medlem i løpet av 2012, vil etterbetalinga blir rekna frå den dato du vart medlem.

Etterbetalinga vil liggja som fakturalinje på nettleige- og kraftprisavtale, på side 2 på faktura.

Det er dessverre oppdaga ein feil som gjer at etterbetalinga ikkje syner på eFaktura. Har du eFaktura, kan du finne rett faktura på Mi energiside.